Posta av: silviahaugland | juni 20, 2009

19. Juni 2009

Hei igjen :)

No har det gått ei stund sidan siste eg blogg, men dagane berre fyk forbi så det er ikkje alt eg får tid til å pressa inn i timeplanen og dermed vart det eit lite opphald i blogginga.

 Sidan sist har me alle saman vore på Vossa cup. Amalie spelar på Rong sitt jenter-02 lag, og dei var meld på sin første cup og var kjempe spente. Rong hadde fått tildelt den gamle sjukeheimen på Voss som overnattings stad, så der fekk jo til og med dei fleste familie rom, men eg og Olaug (me som e litt fin på da – som Gisle sa so fint ;)   ) hadde booka oss inn på Marit og Eirik Pettersen si hytta med dei minste ungane for at dei i det minste skulle få litt søvn ( alle som har vore på fotball cup veit etande godt at det ikkje vert noko særleg med søvn – det er jo alltid nokon som ikkje har planar om å gå å leggja seg). Me var utruleg heldig med veret og hadde strålaande sol heile helga. Lørdag var det litt kald vind, men søndag var perfekt og det blei koseleg picnik på plenen ved Vossavangen. Jentene imponerte men vant desverre ikkje nokon kampar, men de kan tru dei hadde det gøy :) Søndag tok Rune toget til byn for å gå på Brann kamp mens me andre var igjenn på Voss for å få med oss Amalies siste kamp (som upraktisk nok ikjke vart spela før kl 16.40. Med andre ord kom me midt i verste køen heim og brukte vel ca 3 1/2 time heim….. kan tru det var gøy med tre overtrøtte ungar i kranglehumør i baksetet – me kan vel sei da sånn at til neste lange biltur skal eg montera skilleveggar i baksetet !!!!!!!

Mandag 15.juni vart Amalie 7 år, skal sei at tida går – føler ikkje at et er så lenge sidan min første tur til KK. Om ettermiddagen gjekk ungane på overnattings besøk hjå besto sidan eg skulle ha TVØ gruppemøte/grillfest heima hjå meg. Det vart ein fin kveld i godt  lag, men god mat og alt for mykje kaka……

Tirsdag var det Martin sin gebursdag, me hadde ei lita feiring for dei to bursdagsbarna, og det vart igjen ete litt for mykje kaka (kor skal dette enda), men me ventar med det store besøket til søndag då dei fleste hadde moglegheit til å koma.

Onsdag var det klart for kommunestyre møte for min del og denne gongen vart det halde på Toftøy skule. mangen spanande saker på sakskartet denne gongen m.a romprogram for Fleirbrukshall (TVØ sin hjartesak) og ny skule på nesemyra.  Mange uventa og merkeleg utsagn i detta møte, men det gjekk vel stort sett som forventa. Blir ein spanande haust. Visst du er interesert ligg det ein link til Radio Sotra til venstre på denne sida – der kan du høyra opptak frå kommunestyre og ordførarpraten – begge desse er nyttige å høyra på for å halda seg oppdatert på kva som røyrer på seg i Øygarden. Etter møtet var det båttur med Vestgard med kjekt sosialt samvær og god betasuppa i øs pøs regnver og synnavind, men alt i alt ein veldig kjekk kveld.

Torsdag var det klart for barnebesøk for Amalie med 12 viltre 7 åringar – kan tru det var liv i heimen då… Lydnivået var vel på den skalaen at me har skremt alle barnlause naboar frå å stifta familie……… Kan vel ærleg inrømma at det var utruleg godt å siga ned i godstolen når ungane var lagt å berre gjera ingenting.

Endeleg fredag og helg – ein utruleg fin padletur både til og frå jobb satte eit fint punktum på arbeidsveka. Vel heima vart hengekøyen hengt opp og eg og dei to minste var kjapp med å finna oss godt til rette i køyen, mens Rune vart piska til å få strekkja ledning frå parabolen og inn til TVen slik at kvelden og kunne bli bra :) Nokon må jo jobba mens andre føler seg meir tilpass med å beordra og supervicea visse andre (les Rune ;) ) rund om kring….  PS: eg er eigentleg veldig snill med han – da høyres berre ikkje sånn ut :)

Vel då var de vel litt meir oppdatert på kva som har føregått i Haugland familien den siste veka og som vanleg har eg tenkt å setja inn litt bilete som de kan kosa dykk med. Familie besøket vert (for dei som har gløynd det) på søndag kl 16.00 – så då er det tid for kaker og kos igjen.

Stor klem til alle.

003 

Posta av: silviahaugland | juni 9, 2009

Kvardagar

Hei igjen alle saman og takk for alle hyggelege tilbakemeldingar.

Ei ny veka er over og den har som vanleg vore full av aktivitetar. Har jo for så vidt vore ei veka med mykje fint ver, men med mykje kald nordavind. Har tenkt å benytta meg av at Rune er heima for tida og har latt han ta seg utav ungane om morgonen mens eg har benytta meg av friheten og padla til jobb. Herlig å kunna starta dagen med ein frisk og god start sjølv om alle vinden har gjort turane til og frå arbeid i veka som var ekstra krevjande, men deilig med litt ekstra trim. Var på inspirasjons samling med Jan Spurkeland i regi av jobben – dette er ein del av kvalitetskommuneprogrammet som Øygarden er deltakar i. Det var veldig interesant og det blei mykje latter frå dei tilsette i Øygarden kommune. Amalie har og spela nok ein fotball kamp med laget sitt. Motstandaren var Fyllingen og oppmøtet av foreldre og besteforeldre var stort. Farmor Jorid og farfar Arne hadde og tatt turen til Øygrden for å sjå på kampen som til slutt enda med 3-4 tap men alle var i godt humør etter den gode innsatsen. Fredag var det strålandes ver og gode temperaturar så då bar det rett i Pardalsmyra for kos og grilling. Med på turen var Thomas, Hedda, Lille Max, May-Bente, Normann, Tuva, Hedda, Tom Arild, Toyni, Mildrid og lille Nikolai og sjølvsagt heile Haugland familien. Me hadde ein virkelig kjekk ettermiddag med grilling mykje latter og kos. Ungane storkosa seg i lag og eg trur alle hadde ein fin dag.

Lørdag var det klart for torgdag. Me var alle mann gry tidleg på beina for å vera med skjøyto til besten (pappa) inn til byd`n :) Felles frokost på dekk var kjekt, men den kalde nordavinden satte ein liten dempar på turen inn. Etter kvart som me nærma oss byd`n var temperaturen betre og alt blei litt kjekkare. Vel inne i byn var det tid for å gå på land å sjå på alt livet og kjøpa is og god mat som me kunne nyta på dekk. Emma fekk seg ein tur med sightseeing toget og var storfornøyd med det.Eg syns personleg at litt for mykje fyll og rabalder er i ferd med å øydeleggja torgdagen litt, men me hadde alt i alt ein kjekk dag og turen heim vart og fin med bra ver og litt betre temperaturar.

Søndag vart ein rolig og avslappande dag med god mat og kos på terrassen. Til unganes store gled fekk Rune og satt opp trampolina, og sia dess har det meste dreid seg om hopping og kos på trampolina.

Mandag vart det den store møte dagen for meg, Starta med møter kl. 12.30 og var ikkje ferdig før litt før kl 22. Nærmar seg sommar ferie og det er mykje som skal avklarast før dess og då vert det sånn, men når ein er forberedt på det så går det jo stort sett greit. Fekk og veta at eg fekk den 100 % stillingen på servicetorget som eg søkte på og det var jo veldig kjekt, så no er det full jobb på fast basis :)

Tirsdag var det endelig tid for å få lille søsto Julie heim att frå tur. Det var veldig kjekt å sjå ho igjen etter 7 mnd på loffen og eg må jo ærleg innrømma at eg er verkeleg glad for at ho kom heim igjen i  heilo. Storesøsto må jo passa på at alt er bra med desse småsøskena sjølv om dei byrjar å verta nokså vaksne no ;) I morgon Onsdag skal eg på kurs om utleigerett for kommunale boligiar i regi av Husbanken – mykje nyttig infomasjon å få med seg der vil eg tru.

De får ha det fint til neste gong me snakkast, og så set eg sjølvsagt inn litt bilete her på slutten.

Stor klem til alle frå meg :)

Posta av: silviahaugland | juni 1, 2009

EIT GLIMT AV SOMMAR

Hei igjen.

I dag er det fyste pinsedag og me har hatt ei aldeles strålande pinse med knall sol og gode sommar temperaturar.  Eg har kosa meg heima med mine kjære og tru det eller ei folkens – Rune var faktisk heima. Me har og hatt lille Anna på besøk her hjå oss i helga så mamma og pappa kunne få seg litt fri til å ta seg ein motorsykkeltur. Veka har vore fullstappa av aktivitetar som vanleg. Tidleg i veka var det tur i Blommeløypa med våre gode vennar Olaug, Gisle, Kate, Øyvind og alle ungane. Det er jo nesten flaut og innrømma det, men utruleg nok hadde ingen av oss gått denne løypa før.  Dette var ein flott tur som virkeleg kan anbefalast – ikkje for lang heller så ungane var blid og fornøyd heile vegen :) og då er alt bra. Elles har Amalie og dei andre på Rong sitt 1 klasse lag spelt fotball kamp mot Mathopen. Laget imponerte stort – og viste stor forbetring sidan sist kamp der det vart 22 -2 tap. Denne gongen endte det heile med uavgjort 2-2 og spør du meg kunne ikkje resultatet blitt betre – ingen av laga slapp å gå skuffa heim og det varmar jo sjølvsagt mitt hjarta :)

Fredag kveld var eg så heldig å få vera med på ein tjuv kikk på det nye visningsanlegget til Blom laks ved Kystmuseet. Utruleg kjekt å sjå så stort engasjement og vilje til å satsa på noko nytt i lokalmiljøet. Tur til visningsanlegget vart etterfulgt av omvisning i saltebua der det var opna ny utstilling om oppdrett. Til slutt vart det heile krona med konsert med Heimalanne i amfiet utanfor Kystmuseet i strålande solskinn og godt selskap.

Lørdag vakna me til knall sol og 18 grader og då var det berre til å pakka sekken og koma seg på sjø. Tenkte me skulle koma oss tidleg avgarde, noko me også klarte, men når kl. var 11.00 og alle mann (les: Silvia,Rune, Amalie, Emma, Martin, Anna og eit lite tonn med grillmat, badeklede og anna pø) satt klar i båten og satte kursen ut av Blomvågen fekk me motortrøbbel og 40 hestaren vart plutseleg til 0 hestar. Rune vart furten og meinte dagen var spolert, men som vanleg hadde eg ein litt anna innstilling og fann fram padle åra og byrja å padla oss innatt til naustet. Ungane syns det var heilt storarta at mammo måtte slita og streva for å få oss til land att samstundes som ho dreiv ein storstillt kampanje for å få humøret og motivasjonen til Rune til topps igjen. Humøret steig då me nærma oss land og Rune fant problemet som viste seg å vera ein øydelagd bensin slange. Då eg førnøyd kunne opplysa om at det låg ein reserve i naustet var Rune sitt humør på topp igjen og problemet vart løyst på eit lite minutt. Igjen satte me kursen ut Blomvågen og denne gongen kom me oss til målet vårt på andre sida av Hjeltefjorden (naboøya til Guldbrannsøy) som eg dessverre ikkje  hugsar namnet på. Sola steikte og det vart meir og meir fristande med eit bad. Ungane var dei første uti, og for nokon tøffingar dei er – det gledar virkelig mammo sitt store badehjarta at ungane ser ut til å ha arva eit par lidenskaplege bade gen :) Mammo, altså eg – vart denne dagen siste mann uti, men til mitt forsvar så måtte jo nokon passa på at maten ikkje vart svidd ;)  Eit par bevis på badinga finn de under detta innlegget. Då det var på tide å koma seg over fjorden igjen var ongane så sleten at to av fira sovna på dørken – eit ekte bevis på at dagen hadde vore bra.

Søndag var det klart for bursdagsbesøk på Askøy. Niesa vår Annika fylte 8 år og det skulle sjølvsagt feirast. Besøket starta med ein tur rundt Kleppe vatnet i knall sol og flott temperatur (litt for flott temperatur syns dei av oss som bar bæremeis på ryggen). Etterpå var det klart for middag, før både store og små slo seg laus med tikken og 1,2,3 rødt lys på plenen – veit ikkje heilt kven som var ivrigast, men har ein mistanke om at det var dei vaksne, og då alle var trøtt og god var det sjølvsagt klart for å få i seg litt kaker og kaffi – praktisk talt umogleg å klara å gå ned i vekt enn kor mykje ein prøver…… Vel heima slokna ungane ganske så fort og eg slang meg ned på sofaen for å blogga litt, mens Rune vart sendt ut for å beisa ferdig terrassen :) Alt i alt ei strålandes helg. Eg ligg som vanleg inn litt bilete her til slutt. Litt hummar og kanari av bilete, men håpar de syns det er kjekt å sjå kva me driv på med. Til dykk på Moi vil eg berre sei at eg håpar de har kosa dykk i helga og så ser eg fram til å treffa dykk i juli.

Stor klem til dykk alle.

Posta av: silviahaugland | mai 24, 2009

Vår

Hei alle saman.

Så var eg her igjen då. Verkeleg lenge sidan sist no.

Som de sikkert ser har eg altså fått meg ny blogg – litt fordi eg var lei designet på den gamle, men og fordi det var så lenge sidan eg hadde blogga at eg rett og slett ikkje hugsa passordet for redigering lengre :) Ja, sånn kan det gå, men no kjem eg sterkt tilbake.

Sidan sist har det jo vore mykje aktivitet (som alltid :)   ) Mellom anna har “tante” Karen vorte 50 år – hipp hurra for deg :) Dagen hennar vart feira om bord på White Lady med familie, vennar og kollegaer. Det var virkelig kjekt og utruleg nok vart ingen sjø sjuk tross litt dårleg ver. Rune fekk desverre ikkje vera med på feiringa fordi han som vanleg måtte reisa ut på jobb i siste liten. Elles har eg og vore på Arne Gunnar  sin årlege venners -venner tur til Hemsedal. Der hadde me det aldelse fantastisk. Fredag kveld då me kom opp var det berre å få på seg ski og utstyr å koma seg ut i bakken på kveldskøyring. Litt snø i luften, men ellers perfekt føre med 20 cm nysnø. Etter ein lang kveld med ski ståing merka låra at det var lenge sidan forrige tur i bakken og det var berre til å krypa under dyna og lada opp til morgon dagen.

Laurdagen starta med frukost i skistova kl 07.00 – no vil nok dei aller fleste påstå at det var litt vel tidleg på ein barnefri laurdags morgon, men for alle dei som har vore på morgon køyring før – så veit dei at det er vel vert å stå opp eit par timar tidlegare for å få med seg heilt nypreparerte løyper med eit begrensa antall personar i bakken. Aldeles perfekt vil eg påstå at morgonen vart med ny snø, ny preppa løyper og strålande sol – ein verkeleg nytelse å vera den fyste til å laga spor i løypa og utanfor løypa :) Resten av dagen gjekk med til utforsking av absolutt alle løyper i Hemsedal før me i 16 – tida både støle og ømme i lårmusklaturen rant inn på after skien. Vart ikkje der så lenge før det bar opp til hytta (som for øvrig låg perfekt til midt i ski bakken) for ein dusj før fest middagen. Eg måtte desverre kasta inn handkle ganske tidleg på kvelden p.g.a sjuk hals, og kraftig forkjølelse. Ante allereie der at det var ein bihulebetennelse på gong. Morgonen etter vakna eg full i feber, men no var det søndag og hytta måtte vera tom innan kl 10.00 så det var berre til å bita tennene samen å få på seg ski utstyret å koma seg i bakken – bussen gjekk nemmeleg ikkje heimover før kl 16.00. Det vart nok ein fin dag i bakken men eg hald meg til dei litt slakkare løypene då formen tilsa at eg ikkje orka noko anna. Vel heima blei det etter eit lite doktor besøk konstantert både hals og bihulebetennelse, men alt i alt var det ei kjempe fin helg i godt lag :)

Elles har jo lille Emma mor fylt 5 år og er ikkje så liten lengre. Den vart feira på hytto i Hardanger sidan ho hadde fødselsdag midt i påsken. Olaug-Gisle med fam. og Øyvind-Kate med fam. kom for å feira i lag med oss sidan dei og (tradisjonen tro) alltid er på hytto i Hardanger i påsken. Snøen hadde dessverre vorte gamal og blaut så etter tre dagar i snø med 10 søkk våte ungar- valgte me å ta fleire fjellturar i tørt terreng i staden. Som vanleg hadde me ein utruleg fin påske i lag med gode venner, og ser allereie fram til neste år.

17. Mai er jo og vel overstått og den blei i år som alle andre år feira på Blomvåg skule. Dagen vart ikkje heilt som vanleg då mi kjære farmor Marit dessverre gjekk bort seint om kvelden den 16. etter ei stund med sjukdom. Ho var ei fantastisk sprudlandes og blid dame som alltid hadde tid til alle og som spredde latter og gled over alt kor ho var. Det kjem til å verta eit stort tomrom no som ho ikkje lenger er blandt oss.

Vel, no har eg vel masa nok for i dag, så eg avsluttar med å ynskja alle ein riktig god kveld så snakkast me snart.

PS: Legg gjerne igjen kommentarar om det er noko du savnar på den nye bloggen eller om det skulle vera noko anna. :)

Set som vanleg inn litt bilete her på slutten.

Posta av: silviahaugland | mai 24, 2009

Ny Blogg

Hei alle saman.

No har eg som de ser oppretta ein ny blogg. Eg vil i dagane som kjem prøva å få orden på denne sida så – hald ut, så vil det snart koma bilete og anna her innpå.

Ha ein fin dag

« Nyare postar

kategoriar

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.